Kva er økologisk vin?
Økologisk vin er laga på druer som er dyrka utan syntetiske sprøytemiddel og kunstgjødsel. Produsenten følgjer strengare reglar for tilsetjingar, som for eksempel svovel. Økologisk vin er sertifisert av ein offentleg godkjend kontrollinstans.
Kva er biodynamisk vin?
Biodynamisk vin er òg økologisk, men følgjer nokre strengare reglar. I tillegg bruker vinbonden naturlege preparat og kompost i vinmarka. Biodynamisk vin er sertifisert av Biodyvin eller Demeter.
Vinmonopolet har egne symboler for økologisk og biodynamisk vin. Disse finner du både på hyllekantene i butikkene våre, og filteret i nettbutikken.
Kva er naturvin?
Naturvin blir gjæra med den naturlege gjæren i druene og i vinkjellaren. Produsentar av naturvin tilset ikkje gjær, enzym, syre eller sukker undervegs og bruker minimalt med svovel. Naturvin er ikkje regulert eller definert av EU.