Tilbake
Om ossInnkjøp

Akkreditering

Vinmonopolet er akkreditert for sensorisk kvalitetstest av øl, vin og brennevin.

Akkrediteringa betyr at Vinmonopolets sensoriske prøveinstans (SPI) er akkreditert for å utføre sensoriske prøvingar som tilfredsstiller internasjonale akkrediteringskrav.

TEST240_2 SPI har fått tildelt akkrediteringsnummer TEST 240.

Sensorisk prøveinstans har eit panel som består av høgt kvalifiserte dommarar, som gjennom blindsmaking testar produkt som Vinmonopolet ønskjer å kjøpe inn. Formålet er å bestemme kva produkt som stemmer best med spesifikasjonen som produkta blir kjøpte inn etter, og å sikre eit uavhengig og uhilda resultat basert på sensorisk bedømming.

Det er Norsk Akkreditering (NA) som har akkreditert SPIs metode. Kort fortalt inneber dette at dei sensoriske prøvingane våre blir gjennomførte i tråd med system som er fastsette i internasjonale standardar. For å vise at vi følgjer systemet, må SPI kunne dokumentere at analysane tilfredsstiller krava frå NA. Akkrediterte prøveresultat viser dermed at Sensorisk prøveinstans og Vinmonopolet har tilfredsstillande kompetanse til å utføre sensoriske prøvingar av øl, vin og brennevin.

Akkrediteringa av SPI gjeld for

  • den sensoriske prøvinga (blindprøvinga) som blir utført av panelet i samband med innkjøpsprosessen
  • arbeidet som startar ved mottak av tilbodsprøvar, held fram med førebuingar til prøvinga, gjennomføringa av prøvinga og til prøveresultatet er klart

… og skal sikre at

  • Vinmonopolet har system som likebehandlar leverandørar og produsentar
  • SPI har ein fagleg kompetanse som gir objektive resultat som kan etterprøvast ved at arbeidet blir beskrive, dokumentert og kontrollert