Først publisert i Vinbladet 2024-2

Ein velkomstdrink er ein liten, men viktig gest for at gjestane dine skal føle seg velkomne. Ein punsj kan serverast både med og utan alkohol, her får du oppskrifta på vår alkoholfrie sommarpunsj.

Tips til vellykka sommarpunsj

Punsjbolle
Ein kan bruke alt frå ein balje til ei kasserolle, men bruk gjerne ei stor glasbolle, eller ei krukke med tappekran. Rekn to drinkar à 2,5 dl til kvar, så bollen må vere stor nok til selskapet.

Store isbitar
Store isbitar smeltar saktare enn små. Ein stor isbit held punsjen kaldare lengre enn mange små. Bruk iskalde ingrediensar i punsjen. Då blir han raskare nedkjølt.

Gode råvarer
Gode råvarer er viktig. Bruk ferskpressa juice og ferske urter. Pynt gjerne med etande blomar.

Alkoholfri sommarpunsj

Ca. 20 drinkar à 2,5 dl. Berekn to drinkar til kvar.

  • 1 l ananasjuice
  • 1 l limonade
  • 1 l grapefruktjuice
  • 1 l mineralvatn med bobler
  • 3 dl alkoholfri vermouth
  • 2 kg isbitar
  • 4 ms granat-eplesirup
  • 1 grapefrukt (kutta i fire på langs og så i tynne skiver)
  • 2 sitronar (kutta i fire på langs og så i tynne skiver)
  • safta av 2 lime 
  • 30 blad fersk mynte
  • 30 blad fersk basilikum

Bland alle ingrediensane og ha i farrisen til slutt. Hald kjølig. Server med ei ause så du får med deg både isbitar, drink og garnityr.