400 g filet av fersk sei, hyse eller lyr, reinsa for skinn og bein og kutta i terningar. Du kan òg lage kakene med krabbekjøt.
4 ss raud karripasta (kjøp ferdig eller lag sjølv etter oppskrifta nederst
3 ss fiskesaus
1 dl grøne bønner, finsnitta
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1 egg
1 dl kokosmjølk
1,5 ts salt
150 g panko (brødsmular)
Bruk ei kjøkkenmaskin og køyr opp fisken saman med karripasta, egg, 2 ss panko, salt, palmesukker og fiskesaus. Spe med kokosmjølk. Farsen skal bli litt glatt, og konsistensen skal vere litt spenstig. Ikkje køyr så mykje meir enn eit minutt, då kan farsen lett sprekke. Set han kjølig om du skal bruke han seinare. Han kan stå ein dag i kjøleskapet.
Form bollar i den storleiken du ønskjer. Dei kan anten steikjast som dei er, eller du kan vende dei i panko og fritere dei på 180 grader. Vi anbefaler å fritere fiskekakene i to omgangar for å få dei ekstra sprø. Kan til dømes serverast saman med papayasalat.
Som tam (papayasalat)
400 g grøn papaya, snitta i tynne strimlar
2 kvitlauksfedd, finkutta
4 små chiliar, utan frø, finkutta
1 ts salt
2 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
10 grøne bønner, delte i tre
4 ss rista peanøtter, finkutta
10 cherrytomatar, delte i to
20 reker, kokte og reinsa
3 ss fiskesaus
3 stk. lime (berre safta)
Bland saman alle ingrediensane bortsett frå peanøttene. Du kan godt røre rundt med «dressingen» ei god stund, så alle smakane får sett seg skikkeleg. Strø over peanøtter på toppen. Dette er eit perfekt tilbehøyr til biff, grilla fisk eller grilla kylling – eller berre som ein salat i seg sjølv.