400 g svinekjøtdeig
1 ts salt
1 dl kraft av kylling eller svin
1 lita rot galangal, finkutta
2 fedd kvitlauk, finkutta
2 store sjalottlaukar, finstrimla
1 liten bunt vårlauk, finstrimla
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1 ts chilipulver eller 5 stk. bird eye chili
3 ss fiskesaus
6 ss limejuice
1 ss sticky rice (rista i panne og malen i mortar)
1 neve grovkutta koriander
1 neve grovkutta mynte
1 pakke bønnespirer
1 liten bunt koriander
1 liten bunt sweet basil (thai-basilikum)
3 stk. lime, delte i båtar
1 isbergsalat, vaska og delt opp i heile blad
Steik kjøtdeigen i olje i fleire omgangar til alt er gjennomsteikt. Ha i galangal, kvit-lauk og chili og steik det heile eit minutt eller to. Hell over kraft, fiskesaus, sukker og male rispulver og la det koke inn i 5–6 minutt. Tilset til slutt limejuice, mynte og koriander og server i eigen bolle. Server salat med kjøt, sticky rice, urter, lime og bønnespirer, og et retten som ein slags taco i salatblad.
Sticky rice
200 g klistrete ris (eller sticky rice)
vatn
Vatn ut risen i 2–3 timar. Damp han i 20–25 minutt i ein dampkjel med små nok hol til at risen ikkje dett gjennom, eller i eit perforert bakepapir i ein bambussteamer. Med lok på held risen på varmen ein liten halvtime etter damping.