Thai fiskekaker med papayasalat
Disse fiskekakene har sprø stekeskorpe og hint av umami, med en syrlig og litt sterk salat til.
Tekst: Anne EnggravOppskrift: Andreas Ingul - Kokk og varefaglig rådgiver
Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.
Drikke til fiskekaker med papayasalat
Salaten er syrleg og litt sterk, med eit fiskeaktig hint av umami. Papayaen er sprø, og kakene har fin steikjeskorpe.
- Fruktsurøl med tilsetjingar som papaya, mango, pasjonsfrukt eller sitrus. Meir dempa pils eller kveiteøl passar til steikjeskorpa.
- Kvitvin av den aromatiske drua gewürztraminer med ganske låg syre og feit, olja munnkjensle temmer aromaene i maten. Frisk og konsentrert grüner veltliner går i same retning.
- PetNat i fruktig stil har bobler som opnar opp for smakane i maten, inkludert chilien.
- Alkoholfri limonade, slank og fruktig eplemost eller sparkling tea. Denne thai-mocktailen passar flott
Thai fiskekaker med papayasalat (som tam)
Porsjoner: 4
Raud karripasta
- 4 raude chiliar utan frø
- 2 fedd kvitlauk
- 2 små sjalottlaukar
- 1/2 bunt Stilkar av koriander eller korianderrøter
- 1 galangal, finkutta
- 5 kaffirlimeblad, finkutta
- 2 stenger sitrongras, finkutta
- 1 ss solsikkeolje
Reins alle ingrediensane og køyr dei opp med litt olje i ein hurtighakkar eller mortar til du får ein homogen masse.
Thai fiskekaker
- 400 g filet av fersk sei, hyse eller lyr, reinsa for skinn og bein og kutta i terningar. Du kan òg lage kakene med krabbekjøt
- 4 ss raud karripasta (kjøp ferdig eller lag sjølv etter oppskrifta nederst
- 3 ss fiskesaus
- 1 dl grøne bønner, finsnitta
- 1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
- 1 egg
- 1 dl kokosmjølk
- 1,5 ts salt
- 150 g panko (brødsmular)
Bruk ei kjøkkenmaskin og køyr opp fisken saman med karripasta, egg, 2 ss panko, salt, palmesukker og fiskesaus. Spe med kokosmjølk. Farsen skal bli litt glatt, og konsistensen skal vere litt spenstig. Ikkje køyr så mykje meir enn eit minutt, då kan farsen lett sprekke. Set han kjølig om du skal bruke han seinare. Han kan stå ein dag i kjøleskapet. Form bollar i den storleiken du ønskjer. Dei kan anten steikjast som dei er, eller du kan vende dei i panko og fritere dei på 180 grader. Vi anbefaler å fritere fiskekakene i to omgangar for å få dei ekstra sprø. Kan til dømes serverast saman med papayasalat.
Som tam (papayasalat)
- 400 g grøn papaya, snitta i tynne strimlar
- 2 kvitlauksfedd, finkutta
- 4 små chiliar, utan frø, finkutta
- 1 ts salt
- 2 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
- 10 grøne bønner, delte i tre
- 4 ss rista peanøtter, finkutta
- 10 cherrytomatar, delte i to
- 20 reker, kokte og reinsa
- 3 ss fiskesaus
- 3 stk. lime (berre safta)
Bland saman alle ingrediensane bortsett frå peanøttene. Du kan godt røre rundt med «dressingen» ei god stund, så alle smakane får sett seg skikkeleg. Strø over peanøtter på toppen. Dette er eit perfekt tilbehøyr til biff, grilla fisk eller grilla kylling – eller berre som ein salat i seg sjølv.
Først publisert i Vinbladet 2021-3 (pdf, 3.4 MB)Sist oppdatert: