Først publisert i Vinbladet 2021-3

Passer til thaimat

Denne alkoholfrie drinken har fin syre og komplekse sitrusaromaer, særleg om du er så heldig å få fatt i fersk bergamott. Drikken er rein og leskande, balansert med ein del søtleik. Dette er ein herleg sommardrikk for seg sjølv, eller som følgje til syrlig og sterk mat.

Fruktjuice, limonadar og alkoholfrie cocktailar har eit ferskt fruktpreg som passar godt til syrlig og sterk thaimat. Denne oppskriften ble publisert i Vinbladet som del av en samling med tre thai-retter. De finner du nederst i artikkelen.

Thai mocktail

Oppskrifta gir nok til 4 drinkar

Sirup  

150 g palmesukker (eller vanleg sukker)
150 g vatn (ca. 1,5 dl)
5 kaffirlimeblad
1 stilk sitrongras

Kok inn ca. fem minutt, avkjøl og sil.

Mocktail

4 stk. lime
12 litchiar
2 bergamottar (eller lime)
litt sodavatn
thaibasilikum (eller vanleg basilikum)
isbitar

Kutt litchiane i to og reins dei for stein og skal. Ha dei i ein shaker med sirupen, limesafta, litt finrive skal og safta av bergamott (eller ekstra lime). Fyll opp med is og rist i ca. 30 sekund. Sil over i eit longdrinkglas fylt opp med is. Topp det heile med litt sodavatn og basilikum som garnityr.

thaimat vinbladet mocktail.jpg

Podkast 251. Mocktails - Vi smaker tre herlige drinker

Vi smaker tre spennende alkoholfrie drinker som er finalister i Vinmonopolets sommerdrink-konkurranse. Her blir det nærkontakt med jordbær, lime, granbar, kamfer og mye annet.