Drikke til meze
Meze er mange smårettar. Du kan sjå det som Midtaustens svar på spansk tapas. Tommelfingerregelen er saftig og frisk drikke til den krydra og smaksrike maten.
Tekst: Anne Enggrav - Fagansvarlig mat og drikke
Meze er måltidet der vi deler eit mangfald av smakar. Ulike dippar og sausar som blir etne med brød, er ein viktig del av måltidet. Men her finst òg større og meir mettande rettar av kjøt og grønsaker. Alt er slik mat som kan stå framme lenge – perfekt for å småete gjennom heile kvelden.
Drikke til meze
Når ein vel drikke til mange rettar som tapas og meze, så handlar det ikkje om dei detaljerte mat- og drikkekombinasjonane. Tommelfingerregelen er saftig og frisk drikke til den krydra og smaksrike maten. Utover det er spelerommet stort. I tillegg til smak kan det også vere gøy å ta omsyn til geografi når du skal finne passande drikke.
Vinar som passar til det geografiske temaet i maten
- Greske rosévinar
- Gresk kvitvin av druetypen assyrtiko eller vidiano
- Fruktige raudvinar frå Libanon
Kvitvin
Ein fruktig og frisk kvitvin passar godt til mykje forskjellig mat. Ikkje vel dei spinklaste typane, men heller ein som har litt konsentrasjon og god fruktighet.
- Vin på drua albariño/alvarinho frå Spania eller Portugal
- Vin på drua riesling frå Tyskland. Om maten er veldig sterk, kan det vere godt med ein vin med litt sødme.
- Kvitvin med lett florpreg frå Jura, Frankrike og Jerez, Spania
- Oransjevin frå Georgia
Raudvin
Om du helst vil ha raudvin, vel ein fruktig og saftig raudvin og server han gjerne litt avkjølt.
- Vin på drua mencia frå Galicia i Spania
- Vin på drua gamay frå Frankrike
- Vin på drua blaufränkisch frå Austerrike
- Vin på drua tempranillo frå Spania
Øl & sider
- Lys og leskande øl, som pils/lager
- Frisk og fruktig eplesider frå Noreg, med eller utan alkohol
Les ogsåSjå polkokkens oppskriftar på meze
Sist oppdatert: