Meze

Meze er mange smårettar. Du kan sjå det som Midtaustens svar på spansk tapas. Smakrikt, fargerikt og godt selskap er stikkorda for eit vellukka mezebord.

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, og grillet kjøtt.
Foto: Tommy Andresen

Meze er måltidet der vi deler eit mangfald av smakar. Ulike dippar og sausar som blir etne med brød, er ein viktig del av måltidet. Men her finst òg større og meir mettande rettar av kjøt og grønsaker. Alt er slik mat som kan stå framme lenge – perfekt for å småete gjennom heile kvelden.

Se våre drikketips til mezebordet

Variasjon i smakar

Å komponere eit mezebord handlar om variasjon og kreativitet. Sett saman ulike råvarer, teksturar, fargar og smakar. Noko ferskt, noko bakt, noko sylta, noko sprøtt, noko mjukt og noko saftig utgjer ein komplett heilskap. Bygg ut smaksbiletet med ferske, sprø salatar og rå grønsaker. Couscous eller bulgur i salaten er både godt og mettande. Smaksrike, salte eller syrlege dippar og brød gjer smakspaletten endå rikare.

Tips til kva du kan setje på bordet

Oppskriftar på klassiske mezeretter

Les ogsåTabbouleh

Person som holder en bolle med tabouleh-salat.

Les ogsåKøfte - tyrkisk kebab

Grill med flammer og grillspyd med køfte og aubergine.

Les ogsåHummus

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, muharra, hummus og lebneh.

Les ogsåLabneh

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, muharra, hummus og lebneh.

Les ogsåMuhammara - paprikadipp frå Syria

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, muharra, hummus og lebneh.

Andre forslag

  • Ulike typar brød (pide, lavash, pita, libabrød)
  • Grilla lammebog med za’atar og grilla sitron
  • Grilla merguez (krydra lammepølse)
  • Tzatziki
  • Baba ganoush (auberginedipp)
  • Grilla grønsaker (aubergine, paprika, squash)
  • Grilla pul biber og ulike peparfrukter
  • Marinerte oliven
  • Sylta pepar
  • Fetaost (smuldra, til topping)
  • Grøn salat
  • Gresk salat
  • Salat med vassmelon
  • Dipp av saltsylta sitron og olivenolje
  • Granateplefrø til topping
  • Strimla salatløk med sumak
  • Falafel
  • Fatoush
  • Rå grønsaker som agurk og reddik til dipp
  • Ferske urter (mynte, persille, koriander, dill)
  • Za’atar blanda med olje og kvitløk til å dyppe brød i

Du kan finne dei fleste ingrediensane til meze i butikkar med godt utval frå Midtausten.