Labneh
Labneh er ein ferskost frå Libanon, med bruna smør, chili og kvitløk blir det ein deilig dip til mezebordet.
Tekst: Niclas LundmarkOppskrift: Andreas Ingul - Kokk og varefaglig rådgiver
Labneh er ein ferskost frå Libanon, laga av litt feit yoghurt som blir hengd i klede. Når han renn av seg, vil deler av mysen forsvinne, og du sit igjen med ein krema og syrleg ost. Han kan òg kjøpast ferdig i enkelte butikkar med godt utval frå Midtausten.
Les ogsåSe polkokkens meze-oppskriftar
Labneh med bruna smør, chili og kvitløk
Porsjoner: 10
- 500 g labneh
- 120 g smør
- 2 ts pul biber, pulver (paprikapulver)
- 6 fedd kvitløk (snitta i tynne skiver)
Brun smøret i ei steikjepanne til det blir nøttebrunt. Ha i kvitløk og paprika og la det frese omtrent eitt minutt. Fordel ferskosten utover i ei brei skål. Hell smøret med paprika og kvitløk over og server.
Først publisert i Vinbladet 2024-2 (pdf, 4.4 MB)Sist oppdatert: