Muhammara - paprikadipp frå Syria

Muhammara er ein paprikadipp med valnøtter. Her får du polkokken sin oppskrift.

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, muharra, hummus og lebneh.
Foto: Tommy Andresen

Muhammara er ein paprikadipp med opphav i Aleppo i Syria. Den er òg utbreidd i Tyrkia, der muhammara oftast blir eten til frukost. Den har òg ein naturleg plass på mezebordet.

Les ogsåSjå alle polkokkens meze-oppskriftar

Bord med brød og skåler med ulike dipper til meze, og grillet kjøtt.

Muhammara

Porsjoner: 10

  • 6 raude paprika (eller eit glas med 6 ferdig grilla raude paprika)
  • 200 g valnøtter (rista i omnen på 180 grader i 6–7 minutt)
  • 3 fedd kvitløk (finkutta)
  • 1 neve persille (finkutta)
  • 2 dl olivenolje
  • safta av 1 sitron
  • salt og pepar
  • 2 ms granateplesirup

Viss ein bruker rå paprika: Del paprikaene i to på langs og grill dei på skinnsida eller steik i steikjeomn (200 °C) på nest øvste rille. Steik til paprikaene har fått brente flekker.

Flytt paprikaene over i ein bolle og dekk til. La stå til paprikaene er kjølige nok til å bli handterte. Trekk skinnet av paprikaen eller skrap det mjuke fruktkjøttet av skinnet med ein kniv.

Køyr nøttene i ein hurtigmiksar eller finkutt dei med ein kniv. Ha resten av ingrediensane i ein bolle og køyr opp med stavmiksar. Bland inn nøttene til slutt og køyr til ein jamn, fin dipp. Pynt med valnøtter på toppen.