Køfte - tyrkisk kebab
Köfte er krydra kjøtbollar frå Midtausten. Dei finst i eit uttal variantar, gjerne kraftig krydra og blir ofte servert på eit mezebord.
Tekst: Niclas LundmarkOppskrift: Andreas Ingul - Kokk og varefaglig rådgiver
Köfte i lefse eller pitabrød er slik dei gjerne serverer kebab i Midtausten. Dei finst i eit uttal variantar. Polkokken sin oppskrift er med lammekjøt, men du kan òg bruke storfekjøt.
Les ogsåSjå alle polkokkens meze-oppskriftar
Køfte
Porsjoner: 20-25
- 1,3 kg lammekjøtdeig eller storfekjøtdeig (gjerne med litt feitt)
- 4 matskeier pul biber, pasta (tyrkisk paprikapasta)
- 3 matskeier brødsmular eller fin bulgur
- 2 gule løk (finhakka)
- 3 matskeier pul biber, pulver (paprikapulver)
- 6 fedd kvitløk (finkutta)
- 2 ts malen kummin
- 2 ts malen korianderfrø
- 1 ts malen pepar
- ein neve finhakka persille
- 20–25 kanelstenger
- 30 g salt
Bland alle ingrediensane unntatt kanelstenger og salt. Rør deigen forsiktig i ein kjøkkenmaskin mens du sper med salt, eller rør for hand til deigen bind seg og blir litt fast. Form bollar på ca. 70 g til avlange kjøtkaker, og stikk inn ei kanelstong i kvar kake. Dette kan du gjere på førehand og så dekkje dei til og setje dei kjølig. Grill på kvar side på medium varme i 6–8 minutt.
Først publisert i Vinbladet 2024-2 (pdf, 4.4 MB)Sist oppdatert: